Byrjarløna er 157,18 per time
Foto: ColourBox.com.
Det er endring i forskrifta om allmenngjering av tariffavtale for overnattings-, serverings- og cateringverksemder.
Foto: ColourBox.com.
Det er endring i forskrifta om allmenngjering av tariffavtale for overnattings-, serverings- og cateringverksemder.
Ein allmenngjord tariffavtale er forskrift som angir ein minimumsstandard for lønns- og arbeidsvilkår. Den gjeld for alle som arbeider innan området allmenngjeringa omfattar, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje er bundne av ein tariffavtale.
Tariffnemnda har vedteke ei endring i lønsføresegna i forskrifta om allmenngjering for overnattings-, serverings- og cateringverksemder som vart fastsett 3. november 2017.
Endringa inneber at byrjarløna for arbeidstakarar over 20 år, eller etter 4 månaders praksis over 18 år, skal vere minst kr. 157,18 per time. Dette går fram av ny § 3(2) i forskrifta.
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2018.
Fortell oss hva du leter etter og gi oss dine innspill! Hvis du oppgir e-post, kan vi kontakte deg ved behov. Vi kan dessverre ikke besvare alle henvendelser, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre.