Bedriftene får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.
– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i en pressemelding.
Kvar av prisvinnarane får 50.000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.
– Eg har vore oppteken av det nynorske språket sidan eg byrja å lese som sjuåring. Nynorsk er ein viktig del av identiteten min og dermed også identiteten til Floke. Det er ei stor ære å bli heidra med prisen som Årets nynorskbrukar, for meg personleg og alle mine medarbeidarar i Floke, seier administrerande direktør Irene Stana i Floke. Pengepremien vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til den nye grøne produktserien LYNG, som blir lansert i år. Der vil det nynorske språket vere ein stor del av identiteten til serien.
Årets nynorskbrukar 2000–2019
- 2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
- 2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
- 2002 Ringstabekk skole
- 2003 Redaktør Martin Toft'
- 2004 Musikkgruppa Side Brok
- 2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
- 2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
- 2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
- 2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
- 2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
- 2010 Forfattar Maria Parr
- 2011 Bloggar Linda Sæbø'
- 2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
- 2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk
- 2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
- 2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg
- 2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand
- 2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta
- 2018 Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre
- 2019 Frisørgrunderane Floke og Balanzera